Planen er at dette skal verte ei obligatorisk ordning frå 2018.Prøveordninga vil gjelde alle deler av dei to kommunane.

Trur på suksess

Styreleiar Jon Helge Bjørndal viser til den store responsen VØR fekk då det interkommunale renovasjonsselskapet med verknad frå 1. januar 2016 gjekk i gang med ei prøveordning for innsamling av glas- og metallemballasje, og er overtydd om at også innsamling av matavfall vil verte ein suksess.

Han trur rett og slett at dette er noko som er «overmode», og noko folk flest ynskjer. Dessutan er innsamling av matavfall og satsing på biogass det ein kan kalle «politisk korrekt».

Har etterlyst

– Eg registrerer at fleire har etterlyst innsamling av matavfall, i samband med omlegginga til henting av restavfall kvar 14. dag. Folk ynskjer å sortere meir av avfallet, og då er det viktig at VØR legg til rette for det, seier styreleiaren i VØR.

Opplegget frå VØR si side er at matavfallet skal hentast i eigne dunkar ute hos abonnentane kvar 14. dag. Med andre ord same hentefrekvens som ein i dag har for restavfall.

Til Melsgjerdet

Styreleiar Jon Helge Bjørndal opplyser at det innsamla matavfallet etter planen skal køyrast til industriområdet på Melsgjerdet, der VØR i utgangspunktet har hatt planar om å byggje ein omlastingsstasjon for matavfall.

Bjørndal håper det endelege resultatet kan verte eit fullverdig biogassanlegg, slik at ein til fulle kan få utnytta dei ressursane som ligg i matavfallet.

Må byggje infrastruktur

– For at vi skal rekke å få bygt det som må på plass innan 1. januar 2017, er det viktig at Ørsta kommune ordnar med infrastruktur, det vil seie veg og bru over elva, slik at VØR allereie etter sommarferien kan gå i gang med opparbeiding av området og gå i gang med bygging, seier styreleiaren.

Han understrekar at det frå VØR si side er viktig å få bygt eit anlegg som stettar krava på miljøområdet, og ikkje kjem i konflikt verken med naboar eller naturen.