Det krev ordførar Stein Aam i Ørsta. Han registrerer at Statens vegvesen no sjølve opererer med ein årsdøgntrafikk på 13.000 på denne E39-strekninga.

– Og det samstundes med at standarden er låg. Vegbreidda er altfor smal, og dette er ein alvorleg flaskehals i trafikken i Ørsta, seier Aam.

Med denne bakgrunnen reiste Aam saman med ein delegasjon for å møte Mørebenken i Ålesund torsdag. Møtet var initiert av Sunnmøre regionråd.

Målet for Ørsta-delegasjonen var å sett Osbrua på dagsorden.

– Og vi opplever at Helge Orten (H) som leidde Mørebenken, tok saka alvorleg, fortel Aam.

I dialogen med vegvesenet ynskjer Ørsta kommune at staten tek seg av Osbrua, rustar henne opp, og utvidar henne med ein og ein halv meter.

Ørsta kommune skal på si side byggje avlastingsveg/ringveg over Mosflata.

– Svaret vi fekk frå Orten er at når regionvegsdistrikta skal prioritere i handlingsprogrammet til den nasjonale transportplanen, då må Osbrua inn. Dette arbeidet er vi i gang med, seier Aam.

Handlingsprogrammet vert offentleggjort 1. februar.

– Får vi ikkje dette til, må vi truleg bite i det sure eplet, og vente på ei opprusting i samband med bompengepakken. Og den pakken er knytt til Voldatunnelen, og vert tidlegast realisert i 2024/2025, seier Aam.

Gang- og sykkelvegar

Det var ikkje berre Osbrua som vart teke opp med Mørebenken. Også gang- og sykkelvegnettet vart tema.

– Vi tok utgangspunkt i at Riksrevisjonen påpeikte at Samferdselsdepartementet ikkje greidde å bruke 144 millionar løyvde kroner til gang- og sykkelvegar. I Ørsta har vi ei uløyst strekning på tre kilometer forbi flyplassen, vi har ei farleg strekning langs fv. 655 frå Ørsta og framover, og vi manglar 80 meter gang- og sykkelveg som må verte løyst. Eg seier ikkje at Ørsta skal få alle desse pengane, men i alle fall få våre sentrale politikarar til å sjekke opp kva som skjer, seier Aam.

Det tredje momentet Aam presenterte for Mørebenken var Strynefjellsvegen.

– Eg køyrde sjølv denne vegen før jul, og registrerte at ein buss og ein lastebil ikkje kunne køyre forbi kvarandre. Bussen måtte rygge. Slikt høyrer ikkje heime på ein stamveg mellom aust og vest. Dette er hovudåra austover for 50.000 menneske på Søre Sunnmøre og 20.000 i Nordfjord, seier Aam.

Han hadde også med seg forteljingar frå Bøstrand Transport, som no har femti vogntog som køyrer over Strynefjellet med jamne mellomrom, og der vegstandarden er eit problem.

Orten orienterte om at konseptvalutgreiinga for Strynefjellsvegen skal handsamast i Stortinget fyrste halvår.

– Då er det viktig at arbeidet går vidare. Ørsta vil engasjere seg tungt i denne saka som ei sentral kommune på Søre Sunnmøre, seier Aam.

Samferdselspakken for Ørsta/Volda var ikkje direkte eit tema på møtet, men Ørsta-delegasjonen lufta Ørstafjordkryssinga, og at det er ynskjeleg å kome i gang med ein planprosess.

– Arbeidet med samferdselspakken for Ørsta/Volda er inne i ein fase der det er usemje om kvar bomstasjonane skal vere. I den felles arbeidsgruppa for Ørsta og Volda var det semje om at dei skulle vere i Furene og ved den gamle pleieheimen på dagens E39. Då saka vart løfta til politisk nivå i Volda, var ikkje den semja der lenger. Meir kan eg ikkje seie om kva som skjer i Volda, seier teknisk sjef Rolf Magnus Sundgot, som var med til Ålesund.