"Famti tilsette i Mørenett i Hovdebygda vert truleg samlokaliserte med Mørenett si avdeling i Dragsund", stod det på førstesida i Møre- Nytt laurdag 18. mars. Grunngjevinga var sparte driftsutgifter. Tilrådinga kom frå ei arbeidsgruppe i Mørenett, og førte til reaksjonar både frå dei tilsette og frå politikarane i Ørsta.

– Eit relevant spørsmål er om avtalen om at Ørsta skel vere hovudbase for Mørenett ikkje lenger skal gjelde, uttalte ordførar Stein Aam.

Ørsta er største eigaren i Tussa, som eig Mørenett saman med Tafjord. Ordføraren varsla at han ville kjempe for arbeidsplassane i Ørsta.

Administrerande direktør Rune Kiperberg i Mørenettvart vart kalla inn til formannskapet. Der fekk han kritikk for manglande informasjon om samlokaliseringa.

Bjørke si framtid

Ei anna av årets mest omtalte saker handlar om Bjørke skal halde fram med å vere ein del av Ørsta, eller om krinsen skal melde overgang til Volda, etter at Volda og Hornindal slår seg saman i 2020.

– Det er delte meningar i bygda men vi har gode diskusjonar, sa Maria Nikkinen Rørstad, som var ei av dei som var intervjua i Møre-Nytt 2. mars i høve eit folkemøte på Haukly.

"Rekordstor korpsøving på Sæbø", var oppslaget 7. mars. Nesten 100 korpsmusikarar frå heile Ørsta øvde saman. Seinare på året hadde dei og konserntar saman, både på Vartdal og i Ørsta.

14. mars presenterte Møre-Nytt "Den siste rosemålaren i Ørsta og Volda". Det handla om Roar Steinnes (70), og han kunne fortelje om stor pågang og etterspurnad etter rosemåla tradisjonsprodukt. Steinnes lærte kunsten på Brødr. Øyehaug, som feira 75. års jubileum seinare på året.

Hovderevyen

I midten av mars var biskop Ingeborg Midttømme på visitas i Ørsta og vitja mellom anna Ørstaheimen.

"Vil ha byggestart i 2019", var oppslaget 23. mars. Bygge- og vedlikehandssjefen i Fylkeskommunen slo fast at eit nybygg var det "einaste rette" for Ørsta vidaregåande skule, og la fram planane.

Hovderevyen gjorde come back. "Skaut frå hofta og trefte blink", var overskrifta i Møre-Nytt.

Månadens Osgeila-nyheit:  Leiaren for samfunnsutvalet, Inge Kolås, og kommuneadministrasjonen vart kalla inn på teppet i kontrollutvalet. Det vart påpeika både dårleg handtering av ugildskap, og rotete sakshandsaming i samfunnsutvalet.