Spør Frp-representant Anbjørn Steinholm Frislid i ein interpellasjon til ordførar Stein Aam før kommunestyremøtet komande torsdag,

Han viser til at Brukarstyrt Personleg Assistanse (BPA) vart rettigheitsfesta i 2015 for personar med eit langvarig assistansebehov, der tenestebehovet overstig 32 timar per veke.

– Rettigheitsfestinga innebar at det på landsbasis potensielt var 14.500 brukarar som kunne velje å få tenestene sine organisert som BPA. To år seinare er resultatet at berre 301 fleire har fått BPA, trass i at kommunane gjennom statsbudsjettet fekk 800 millionar ekstra over ei toårig periode, orienterer Steinholm Frislid.

Han peikar vidare på at fleire organisasjonar meiner at rettigheitsfestinga er bra, men at hovudproblema er at kommunane motarbeider ordninga.

Steinholm Frislid peikar vidare på eit rundskriv frå Helse- og omsorgsdepartementet.

– Der vert det presisert korleis assistentar kan disponerast av brukaren, orienterer Steinholm Frislid.

Han peikar på at det i dette rundskrivet går klart fram at det ikkje finst noko stor opning for å avgrense korleis assistentar kan nyttast.

– Og det vert lagt stor vekt på at også tiltak utanfor heimen må inkluderast for å vareta sosiale gjeremål, poengterer Steinholm Frislid.

Ynskjer svar om Ørsta

Difor lurer Steinholm Frislid på korleis stoda er i Ørsta kommune. Han ber ordføraren svare på korleis BPA er gjort tilgjengeleg for kommunen sine innbyggjarar, og om det er gjort eit arbeid for aktivt å oppsøkje personar som har rett til BPA.

–Kva slags krav vert stilt til korleis tenesta kan nyttast, og er desse i tråd med retningslinene frå Helse- og omsorgsdepartementet?, Spør Steinholm Frislid.

Vidare spør Frp-leiaren om politiske og sosiale gjeremål er likestilt med helsebehov, både når det gjeld utmåling av timetal for tenesta og krava som vert stilt til korleis tenesta kan nyttast.

Han ynskjer også svar på kor stor del av midlane som vert fordelt gjennom rammetilskotet til Brukarstyrt Personleg Assistanse som vert nytta til formålet?