– Vi legg opp årets kunstgate etter same mal som i fjor. Tidlegare kunstnarar som har stilt ut i kunstgata, og ikkje minst nye kunstnarar er invitert til å ta del. I tillegg er barnehagane i år som i fjor invitert til å ta del. Vi ynskjer eit endå breiare spekter av kunstnarar, og ynskjer å nå vidare ut, seier Syver Nupen, Evy K. Innselset og Carl-Åge Henriksen.

Det er dei næringsdrivande i Vikegata som inviterer til kunstgate i sommar, og i år er det fjerde året på rad kunstgata vil vere open.

– Tidlegare år har det vore veldig god respons, og vi har stor tru på at i år skal kunne utvide kunstgata og gjere den endå meir interessant for både ørstingar og tilreisande, seier Henriksen.

Opninga av kunstgata vil skje 29. juni som ein del av Dei nynorske festspela.

– Vi sender invitasjon til dei kunstnarane som vi kjenner til, men vi har og sendt ein eigen invitasjon til Volda og Ørsta kunstlag. Vi kjem til å fleire lokale i gata til utstilling.

I tillegg til invitasjonar til kunstnarar har initiativtakarane bak kunstgata og sendt invitasjonar til barnehagane i Ørsta til å ta del.

– Vi ynskjer å ha meir fokus på barn og ungdom og vonar at dei har lyst til å ta del. Vi oppfordrar skulane til å ta del, og i fjor vart det stilt ut arbeid frå elevane ved Vartdal skule.

Dei næringsdrivande understrekar at kunstgata er open for alle.

– Vi har god plass fordi at næringslivet har lyst til å stille opp og er med på å realisere kunstgata også i år. Om det er nokon som har lyst til å vise fram kunsten er det berre å ta kontakt med oss arrangørane.