I Ørsta sentrum er det andre søndag i advent det er julegrantenning. Og i år var det verkeleg adventsstemning med nysnø i gatene og eit lett snødrev i lufta.

Det var mange som ville få med seg tenninga av julegrana på Haldeplassen, og på slaget klokka 17.00 kom også God jul-helsinga ovanfor Ose på til applaus frå publikum.

Julegrantenninga i Ørsta er eit samarbeid mellom fleire partar, og Bente Hjertenæs helsa frå Kirkens Naudhjelp, som hadde bøsseaksjon, og Anne Lise Ørstavik var i spissen for fakkeltoget i etterkant av julegrantenninga. Toget gjekk gjennom Vikegata til kyrkja.

Vidar Mørk leidde hendinga, medan Ørsta Hornmusikk stod for musikken, og Øystein Hovland var forsongar. Pastor Kjersti Gulli Petersen i Ørsta frikyrkje hadde andakta, og ho peika mellom anna på at i år gjekk fakkeltoget for fred på same dag som Nobels fredspris vart delt ut.