Med ein snittemperatur på 2,6 grader, 3,3 grader over normalen, vart ikkje januar 2017 den vintermånaden mange hadde von om. Vêrmålingane til Arild Stokke i Ørsta viser at det i tillegg kom 324 mm med nedbør, og normalen er 205 mm.

Februar vart tørrare enn januar med totalt 159 mm med nedbør. Normalen for månaden er 169 mm. Det var femten dagar med nedbør.

– Snittemperaturen var 1,4 grader, og det er 1,7 grader over normalen, seier Stokke.

Mars gav oss ein snittemperatur på 2,8 grader, 0,9 grader over normalen. Det var totalt 21 dagar med nedbør. 167 mm med nedbør vart registrert, og normalen er 176 mm.

Regntungt

Medan mars var bortimot normal vart april ein regntung månad.

– Snittemperaturen var 4,7 grader, og det er 0,4 over normalen. Totalt var det 273 mm med nedbør, og normalen er 124 mm. Mest nedbør var registrert 7. april med 54 mm.

Mai gav oss mange finvêrsdagar etter ein tung april. Det vart registrert 42,2 mm med nedbør, og normalen er 85 mm. Det var tretten nedbørsdagar i løpet av månaden, og mest nedbør vart registrert 25. mai med 18 mm.

– Snittemperaturen var 11 grader, og det er 1,8 grader over normalen

Ikkje skikkeleg sommarvêr

Juni og juli vart litt våtare månader enn normalt. I juni kom det 123 mm og normalen er 93 mm. Juli gav oss 151 mm med nedbør og normalen er 116 mm. Det var 24 nedbørsdagar i juli og 21 i juli. Begge månadane vart litt varmare enn normalt. 12,6 grader var snittemperaturen i juli, 0,6 grader over normalen. Juli var 0,5 grader over normalen med ein snittemperatur på 13,8 grader. Den høgaste makstemperaturen for 2017 vart registrert i juli med 27,5 grader.

Medan juni og juli ikkje gav oss heilt det sommarvêret mange hadde von vart august nær ein normalmånad. 130 mm med nedbør vart registrert, og normalen er 145 mm. Det vart registrert 25 dagar med nedbør.

– Snittemperaturen var 13,7 grader, og det er 0,5 grader over normalen.

Nedbørsnormalen for september er 270 mm, men i 2017 kom det berre 88,6 mm med nedbør i haustmånaden.

– Vi må tilbake til 1958 og 1968 for å finne mindre nedbør i september. Begge åra kom det 55 mm med nedbør, seier Stokke.

Det var tretten dagar med nedbør. Makstemperaturen var 21 grader 28. september, og minimumstemperaturen var 3,6 grader 17. september.

– Snittemperaturen vart 12,4 grader og det er 2,5 grader over normalen. September vart ein ganske varm og fin månad.

Nedbørstung avslutning

Det gode vêret frå september vedvarte ikkje i oktober. Heile 407 mm med nedbør vart registrert av Stokke, og normalen er 260 mm.

– Mest nedbør kom den 28. oktober med 66 mm. Det meste som har vore registrert i oktober er 694 mm i 1983.

Det vart registrert tretti dagar med nedbør. Snittemperaturen var 7,7 grader, 0,5 grader over normalen. Den første frostnatta vart registrert 19. oktober og den første snøen la seg i slutten av månaden.

Nedbørsmengdene frå oktober heldt fram i november. Normalen for månaden er 250 mm, men det kom 477 mm.

– Det meste som er registrert i november er 497 mm i 1978. Det var 23 dagar med nedbør i november.

Snittemperaturen var to grader, og det er 0,3 grader under normalen.

Desember avslutta 2017 med mykje nedbør. Normalen er 270 mm og det kom 425 mm.

– Mest nedbør vart registrert 23. desember med 74 mm. Historisk er det registrert mest nedbør for desember i 1973 med 713 mm.

Det vart tjuefem dagar med nedbør i desember. Snittemperaturen var 0,3 grader og det er 0,1 grader over normalen.

– 2017 gav oss 250 nedbørsdagar. Snittemperaturen var 7,1 grader og det er 1,1 grader over normalen. Totalt kom det 2.739 mm med nedbør og normalen er 2.163 mm, seier Stokke.

Vêrmålar: Arild Stokke følgjer nøye med på vêret i Ørsta. Arkivfoto Foto: Malene Romestrand