– Vi har allereie fått nokre oppseiingar frå foreldre, seier Frode Følsvik, leiar for Fotballfritidsordninga i Ørsta (FFO)

Då klubbhuset vart rive, måtte FFO flytte, utan at noko klart alternativ var på plass. Dei har fått ei lita brakke som jentene kan skifte i. Gutane skiftar på eit klasserom i ei litt større brakke, same stad som ungane får mat.

Følsvik sende ut ein epost til foreldra for å forklare kvifor situasjonen er som han er. Ei mor svarte bekreftande på at tilbodet ikkje var så bra som barnet hennar hadde håpa på. Ho vurderte å ta barnet ut av FFO. Dette dokumenterer Følsvik overfor Møre-Nytt.

– Det er 40-50 ungar stua saman på eit lite område, utan mogelegheit til å vere sosial saman på ein god måte. Då oppstår det lett konfliktar, fortel Følsvik.

– Ting burde ha skjedd før?

– Om ting burde ha skjedd før ja?! Vi skulle ha vore flytta ut herifrå for ni veker sidan vi!

Får større lokale på nyåret

Følsvik oppfattar at kommunen har vore unnvikande i sin kontakt med FFO, og seier at han er skuffa over behandlinga FFO har fått.

FFO fekk tidleg tilbod frå kommunen om nytte Ørstahallen som garderobe.

– Det kunne vi ikkje akseptere. Det ville ha medført at borna måtte brukt store deler av FFO-tida på å gå til og frå Ørstahallen.

Tysdag 19. desember skulle FFO etter planen endeleg flytte inn i ein langt romslegare modul (eit mellombels bygg). Likevel manglar framleis kjøkken som kommunen skal få på plass i romjula. FFO vil dermed ikkje vere installert før ved oppstart på nyåret.

Trongt Dei gamle brakkene er for tronge for fotballfritidsordninga (FFO) Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Kan (til dels) forklare forløpet

Einingsleiar for oppvekst- og kulturbygg i Ørsta kommune, Roger Steinnes har stått for anskaffinga av den nye modulen.

– Det er synd at FFO har måtte drive under kummerlege forhold, slår han fast.

Steinnes forstår godt at Følsvik er lei heile situasjonen, men kan til dels forklare kvifor prosessen har dryge ut.

– Hadde kommunen kunne tilbydd andre og betre fasilitetar, hadde dette blitt gjort omgåande, seier han.

Steinnes fortel at kommunen konkurranseutsette leveringa av modulen før fellesferien, og at dei deretter nytta store deler av ferien på å få avtalen på plass. Ordførar Stein Aam og leiar i Ørsta Idrettslag, Erlend Andersen, signerte avtale om mellombelse lokale 26. september.

Mykje klabb og babb

Vidare inngjekk den aktuelle entreprenøren avtaler med ein underleverandør, noko som også utarta til ein treig prosess

I tillegg ville idrettslaget ha den nye modulen der han står i dag, ikkje ved Rossåa som først planlagt. Då måtte det grunnarbeid til.

Så varsla kommunen sin leverandør av modulbygget montering fleire dagar tidlegare enn planlagt. Då måtte kommunen stoppe dei, for grunnarbeidet var jo ikkje ferdig.

Dette er berre eit utdrag av mange døme på uheldige omstende som Steinnes trekker fram.

Han ser ikkje kva som kunne ha vore gjort annleis frå september/oktober til no, sett bort ifrå at avtalane med idrettslaget burde ha vore landa tidlegare.

– Følsvik opplever at FFO har vorte ignorert av kommunen. Kva seier du til det?

– Rivinga av klubbhuset angår heile Ørsta Idrettslag. Derfor har det vore mest ryddig å ha kontakt direkte med leiinga i idrettslaget. Men eg har også hatt telefonisk kontakt med Følsvik ved eit par høve.

Han minner om at ny fleirbrukshall etter planen skal stå klar i løpet av november 2018, ein hall Ørsta Idrettslag og deriblant FFO skal bruke.

Ny: Den nye modulen står klar, men manglar kjøkken. Foto: Tarjei Engeset Ofstad