Dei siste månadene har dagleg leiar Muzaffer Islek og medeigar Mutlu Bulduk pussa opp og gjort klart til opning av den nye restauranten. Nytt interiør og nymåla vegger pregar no lokalet i Ivar Aasengata 4, som opna laurdag.

Mutlu Bulduk har drive restaurant i regionen tidlegare, og gler seg til å ta i mot svoltne ørstingar.

– Det tek litt tid å kome i gang, men eg trur det skal gå bra her. Ørstingane likar å gå ut og ete, seier han.

På menyen står typiske italienske og tyrkiske rettar, som pasta, kebab, pizza, fisk og kjøt.

– Vi satsar på eit variert og stort utval, seier Bulduk.

Bulduk fortel at dei gjerne tek i mot større grupper som kan tinge bord i forkant, og når julebordsesongen startar, tilbyr dei det også.