Det er Statens vegvesen og Møre og Romsdal fylkeskommune som inviterer til markeringa. Dei oppmodar folk om å ta lunsjen på ferjekaia. Dei vil servere kake, bollar og brus til dei frammøtte, og lovar ei overrasking til alle borna som møter opp.

Ferdig i september

Statens vegvesen har bygd ny ferjekai på Sæbø og rusta opp landarealet på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Arbeidet med ferjekaia er utført av Implenia AS, og er ei 58 meter lang tilleggskai (betong) og 9x18 meter ferjekaibru i stål. Ho vart ferdig i april i år.

Hole Maskiner AS har rive den gamle ferjekaia, bygd ny natursteinsmur mot sjøen, og nye oppstillingsplassar for bilar som ventar på ferja. I tillegg er det bygd eit tredekke mot sjøen. Dette er skilt frå oppstillingsarealet med ein mur i naturstein. Landarealet vart ferdig i september i år.

På markeringa fredag vert det orientering om prosjektet frå Statens vegvesen, leiar for samferdselsutvalet i fylkeskommunen, Oddbjørn Vatne vil halde ein tale, og representant frå Ivar Aasen-tunet vil fortelje om samferdsle på Ivar Aasen sine reiser. Ørsta kommune vil også kome med ei helsing. Det vert også underhaldning.