Ifølgje NRK Møre og Romsdal var det elleve passasjerar ombord i ferja då samanstøyten skjedde. Ingen av passasjerane vart skadd, og ferjekaia skal også vere uskadd.

– Det er nokre skader på ferja, men det er for tidleg å seie noko om omfanget, seier kommunikasjonssjef Ingrid Færøyvik i Fjord1 til NRK Møre og Romsdal.

Sambandet Hundeidvika - Festøya er innstilt inntil vidare melder Fjord1 på sine heimesider.