– Det må vi gjere av omsyn til klimaet, og for at ikkje dei veksande byane skal bli kvelte av biltrafikk. Opedal kom difor med framlegg om å styrke potten til kollektivtransport med 6 millionar; midlar dei andre partia heller ville gje til planlegging av nye store vegprosjekt som vil auke biltrafikk og klimagassutslepp.

Eitt av verbalvedtaka, som vart spela inn av SV i budsjettprosessen, handlar om tilbodet gjennom Kviven. Det relativt nyoppretta tilbodet gjennom Kviven var av samferdsleutval og fylkesutval foreslått nedlagt. I vedtaket seier fylkestinget at det tek tid å innarbeide nye tilbod, at tilbodet må marknadsførast og ikkje minst at det må tilpassast arbeids- og skuletidene til brukarane. Ein ber difor administrasjonen ta kontakt med Sogn og Fjordane fylkeskommune.

– Eg er klar over at bruken i dag er altfor dårleg, men det er ei gedigen fallitterklæring å legge ned tilbodet før det er innarbeidd, seier Opedal, som vonar vedtaket vil resultere i eit nytt og betre tilpassa tilbod.

Fylkestinget vedtok og at kapasiteten innanfor dagens ramme til kollektivtransport må utnyttast betre.

– Det går for mange tomme bussar på tidspunkt der folk ikkje treng det, difor må vi gjere endringar slik at tilbodet vert tilpassa brukarane, seier Opedal.

I første omgang skal ein arbeide med dette på strekninga Moa-Ålesund sentrum, via dei to knutepunkta Sjukehuset og Høgskulen, men også busstilbodet gjennom Eiksundsambandet vert vonleg mykje betre når Garneskrysset står ferdig. I neste omgang må røynslene herfrå brukast for å betre tilboda over heile fylket.

– Det vil vere ein gedigen nedtur om ein ny veg som knyter saman regionar står utan eit busstilbod, seier Opedal.