Grunna «lause trådar» og mykje informasjon valde politikarane å utsetje handsaminga av budsjettet i møte tysdag. Dei ville nytte to ekstra dagar på å sette seg skikkeleg inn i saka før dei handsama den.

– Eg ser lys i enden av tunnelen. Men det er ein uhaldbar situasjon at vi som er valde inn faktisk ikkje har fått styre med politikk anna enn å gjere endringar for å kome i balanse. Eg føler at verktøykassa for å gjere dei store grepa har byrja å verte rimeleg tom, sa Petter Bjørdal (Ap).

Kommunen har 524 millionar kroner til fordeling neste år.

– Men vi har fokus på å få mykje bra ut av desse pengane, seier rådmann Wenche Solheim.

Ho har tidlegare sagt at kommunen manglar 22,5 millionar for å kome i balanse i budsjettet for neste år. No er dette justert ned til litt over 17 millionar, noko som framleis er ein stor sum for politikarane å hente inn på få dagar.

Nesten i balanse

Rune Hovde ville ikkje svartmåle situasjonen heilt, og minte om at det i budsjettet er inkludert ti millionar for å dekkje inn tidlegare underskot.

– Så vi er nesten i balanse, og vi byrjar nærme oss noko. Vi bør budsjettere med dei ti millionane, for vi må ut av Robek. Men vi har dei, sa han.

Rådmannen nemnde også at ein auke i eigedomsskatten på to promille ville gitt 14 millionar kroner netto, men det vart understreka at dette ikkje kan vere ei løysing, då eigedomsskatten berre skal gå til å dekkje tidlegare underskot.

Ordføraren var nøgd med at mange steinar vart snudd og at mange ferske tal kom på bordet i løpet av formannskapsmøtet. Han rådde difor til at administrasjonen ser på nye mulegheiter.

Budsjettet vert drøfta vidare i eit omframt formannskapsmøte torsdag ettermiddag.

– Då startar vi med at administrasjonen gjer greie for kva dei har kome fram til. Eg har fått mykje meir informasjon på møtet, og føler vi har teke eit stort steg framover på fleire måtar i dag. Det er heilt klart at vi finn løysingar, sa Hovde.