Målungdomen lyste i mars ut ein utradisjonell konkurranse der folk kunne nominere menn og kvinner som både var sexy og brukte nynorsk. Ørstingen Terje Kjøde var ein av dei som vart nominert frå starten av Norsk Målungdom sjølv.

Frå måndag 8. april kunne folket røyste på sine favorittkandidatar på nettsidene til målungdomen.

No er røystinga over. Dei to fylkesvinnarane frå Møre og Romsdal er Ann Irene Folkestad og Øyvind Osdal Runde.

– Det har vore veldig, veldig jamt, og svært få røyster som har avgjort nokre av finalistane, skriv Norsk Målungdom på bloggen sin.

Terje Kjøde er ute av tevlinga.