– Ein modell kan vere at eit frivillig lag driv Kaihuset med kommunal støtte, og at kaihuset har lenger opningstid, seier Per Are Sørheim og Sven Castberg.

Grunna stram kommuneøkonomi ønskjer politikarane i kommunestyret at Kaihuset skal leggje om drifta slik at frivillig arbeid og engasjement får ein endå større plass. Det har vore uklart kva som ligg i dette.

– I dag er Kaihuset ope ein kveld i veka pluss nokre laurdagar av og til. Det er for lite når ein veit kva det kostar å drive Kaihuset i dag. Kaihuset må ha meir ope, ikkje minst i helgane då trongen er størst, seiner Sven Castberg.

Han og Per Are Sørheim har god tru på at eit samarbeid med eit frivillig lag kan vere vegen å gå, og at dette kan gjerast i samarbeid med frivilligsentralen.

Engasjement

Den nye leiaren for kulturhuset skal også vere leiar for Kaihuset, med base på kulturhuset.

– Det vil vere viktig at den nye leiaren har engasjement og sikrar at Kaihuset blomstrar. Det er jo ein spennande jobb å drifte kulturhuset og kjempespennande viss ein har engasjement for ungdomen, seier Castberg.

Per Are Sørheim meiner det er særs viktig at det vert etablert tilbod på Kaihuset som appellerer til alle unge.

– Utfordringa når ein må skjere ned er at interessa for Kaihuset dalar fordi tilbodet er for lite attraktivt. Dette må ein unngå.

Sørheim gjer det klart:

– Same kva slags modell ein landar på for Kaihuset, må dette ungdomstilbodet opprethaldast på ein god måte. For det er sjølvsagt slett ikkje noko mål å leggje ned Kaihuset!