Det skriv ordførar i Volda, Arild Iversen i eit brev han vil legge fram for formannskapet i Volda tysdag. Brevet er seinare tenkt sendt til Helse Møre og Romsdal.

Pasientar før økonomi

I brevet skriv Iversen om den påtroppande regjeringa si regjeringsplattform som vart lagt fram måndag.

– Når det gjeld sjukehus vil den nye regjeringa stoppe nedlegging av akutt- og fødetilbod som ikkje er grunngjeve med pasientsikkerheit og kvalitet, før nasjonal helse- og sjukehusplan er handsama.

Om rehabilitering seier den komande regjeringa at det skal verte etablert ein opptrappingsplan for rehabiliteringsfeltet og hindre nedbygging av rehabilitering i spesialisthelsetenesta før tilsvarande kapasitet og kompetanse er bygd opp i kommunane.

– Vi syner til utviklingsplan i Helse Møre og Romsdal HF med pågåande prosessar knytt til funksjonsfordeling mellom sjukehusa. Etter det vi har grunn til å tru kan dette handle om nedbygging av akuttilbod ved Volda sjukehus, der krav om økonomiske innsparingar synest å vere sentralt i grunngjevinga frå leiinga i helseføretaket.

Volda kommune krev med dette som grunngjeving at alle prosessar som tek sikte på å redusere akuttilboda ved Volda sjukehus straks vert stoppa, melder ordføraren.

Volda kommune har i dag ikkje kapasitet og kompetanse til å ta eit større ansvar innan rehabilitering.

– Vi krev difor at Helse Møre og Romsdal si nedbygging av rehabilitering innan spesialisthelsetenesta også vert lagt vekk.