Tidlegare miste Kaihuset aktivitetsleiaren sin, og i 2013 sa einingsleiaren opp jobben. I dag utgjer jobben som leiar for Kaihuset ei 20 prosent stilling.

– Huset er likevel ope kvar tysdag og annankvar fredag. Utfordringa er å få tak i ressursar til å skape aktivitetar i opningstidene, og kanskje utvide opningstidene, seier rådmann Wenche Solheim i ei sak som skal opp til handsaming i Levekårsutvalet 16. oktober.

Frivilligsentralen

I budsjettvedtak i 2013 gjorde kommunestyret vedtak om at drifta av Kaihuset skal vidareførast etter nyttår 2013, men med eit mindre kommunalt tilskot enn tidlegare år. Frivillig arbeid står i fokus, og rådmannen meiner det vil vere naturleg å plassere Frivilligsentralen på Kaihuset. Ho ber politikarane om ei vurdering av dette, då dei har gjort vedtak om å legge Frivilligsentralen til Bakk-Ola marka.

– Men ved plassering på Kaihuset vil det likevel vere ei sjølvfølgje at sentralen skal bidra til å setje i verk aktivitetar og tiltak både på Bakk-Ola og andre stader, i tillegg til Kaihuset.

Rådmannen stadfestar at det er eit minimum med personalressursar på Kaihuset, men at dei likevel tek sikte på vidare drift.