– Eg har nok gjort ein fadese, sa ballettskulerektor Synnøve Rekkedal Hill då ho såg kor mange foreldre og søsken som hadde møtt opp for å sjå sine håpefulle svinge seg i rosa ballerinadans.

Ein fadese var det nok ikkje, men ballettskulen har vekse seg stor, og fem- og seksåringane er mange i talet.

Ballettskulen hadde laga til det største dansestudioet til ei scene for dei yngste elevane, men foreldra var så mange i talet at det ikkje var rom for alle blant publikum. Men ballettskulen har alltid ei løysing på lur, og litt puljevis fekk alle sett sine små ballerinaer i aksjon.

Med nette trinn, sjarmerande ukoordinert, glitrande stjernestavar og raude nissehuer fekk alle fem- og seksåringane vist kva dei er gode for, og kva dei har lært seg det siste halve året. I kulissane heldt rektor Synnøve god orden i rekkene, og ein stolt danselærar gøymde seg bak gardina og var dansetrinnsufflør.

Ei flott framføring, og ei god øving før den store elddåpen når dei får vere med på vårshowet til ballettskulen på Ørsta kulturhus til våren.

Full konsentrasjon.
Rosa ballerinaer i aksjon.