Det er kravet til Høgrepolitikar Odd Martin Velsvik i Volda. Han likar ikkje at Ørsta-elevane ved Austefjord skule kostar Volda kommune pengar.

500.000 kroner

Totalt er 12 elevar busett i skulekrinsen, og desse ville utgjere eit udelt klassetrinn for 1.–7. klasse. Med dei fire elevane frå Ørsta, som i dag går på barnesteget, vert klassene delte. Dette kostar ifølgje Velsvik nesten 800.000 kroner meir. Ørsta kompenserer for utgiftene med 75.000 kroner per elev. Volda står då att med rekninga på kring 500.000 kroner.

Reforhandle

– Om Volda kommune tek kontakt med Ørsta kan det vere at Ørsta kommune vil betale ekstra, foreslår Velsvik.

Om Ørsta ikkje går med på det foreslår han å seie opp avtalen. Bjørke-elevane må då finne seg ein annan skule å gå på innan eitt år, som er oppseiingsfristen.

– Her kan Volda kommune spare 500.000 kroner. Voner de kan sjå på saka og få gjort noko med dette snarast, er oppmodinga frå Velsvik til rådmann Rune Sjurgard i Volda.