Linda Haddal Røssevoll har vore administrerande direktør for begge hotella dei siste åra, men underskot på drifta og pressa likviditet har gjort at det no er gjort endringar for korleis dei to hotella skal drivast vidare.

Haddal Røssevoll tek over Hareid Hotell og satsar vidare under nytt namn; Melshorn Hotell.

I Ørsta vert Sparebank1 Søre Sunnmøre aleine om å eige Hotell Ivar Aasen. Banken er også ansvarleg for drifta.

Gjennom 2013 har styret i Regius Holding AS jobba for å finne gode løysingar for framleis hotelldrift i Ørsta og på Hareid.

- Vi har i fellesskap lagt grunnlaget for ein ny driftsmodell, seier avtroppande styreleiar Svein Tømmerdal.

Tidlegare aksjonærar i selskapet ønskte ikkje å gå inn med ny kapital for å styrke situasjonen i selskapet.

Satsar på næringslivet

Hotell Ivar Aasen vil i tida framover satse meir på kurs og konferansar og vil i større grad rette seg mot næringslivet.

- Men det skal likevel vere eit hotell for alle, lovar driftsleiar Stein Åge Hære.

Hotell Ivar Aasen får også ny direktør, men banken held korta tett til brystet og vil ikkje røpe kven dette er før i 2. kvartal.

Inntil vidare er Eva Hole dagleg leiar.

Hotell Ivar Aasen har alt i løpet av januar og februar i år auka omsetning og sal med 50 prosent samanlikna med same periode i 2013.

- Vår rolle er ikkje å drive hotell, og vi ønskjer eit driftskonsept der det over tid kan kome inn andre aksjonærar, seier banksjef Midtbø.

- Dette er ein god start for å kome eit steg vidare.