Rådmann Wenche Solheim sa at ein kan stole på tala som kom fram i kvartalsrapporten som er utarbeidd av økonomileiaren.

Nyansar

– Men det vil vere feil og nyansar i ein slik rapport, sa rådmannen som minte om at ein prognose er ein prognose, og ikkje noko som er sikkert.

Rådmannen forsikra at det vert jobba hardt for å oppfylle politikarane si bestilling og at det må setjast i gang fleire tiltak for å kome i mål med budsjettet.

Rådmannen kommenterte også kritikken mot det høge sjukefråveret.

Forventa auke

– Med dei omstillingane som har kome kan ein forvente at sjukefråveret aukar. For store omstillingsprosessar gjer at folk vert sjuke. Eg registrerer at det vert harselert mot dei kommunale prosjekta. Men desse prosjekta er nødvendige. Ein må ha nokre positive knaggar for å møte dei tøffe utfordringane.