Planen inneber at ein skal nytte Guttormsbakkane til mellombels tilkomst. Planutvalet meiner dette ikkje er forsvarleg fordi der er så bratt.

– Det er ikkje mogleg å tidfeste kor lang tid slik tilkomst vil måtte fungere, og standarden er og vil ikkje kunne verte tilfredsstillande som tilkomst til området, seier planutvalet samrøystes i tråd med rådmannen sit forslag til vedtak.

Planutvalet meiner også at det må kome ei formell avklaring av framtidig arealbruk for området gjennom kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda.

– Det må også sikrast at kostnader med felles infrastruktur, slik som bygging av overordna vegnett, vert fordelt på alle dei som dreg nytte av den, seier planutvalet.

Politikarane avslo samrøystes å leggje planframlegget ut på høyring.

Småhus

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for oppføring av konsentrerte småhus.

Planframlegget omfattar om lag 5,8 dekar der det er lagt til rette for konsentrerte småhus med inntil 22 bueiningar, og med tilhøyrande privat veg, leikeareal og renovasjonsanlegg.

Det er peika på tre vesentlege problemstillingar knytt til saka. Det eine er at arealbruken ikkje er ikkje i samsvar med overordna plan.

Ved handsaminga av reguleringsplanen for Øvre Mo og Mosbakkane, vart planen påklaga. Ved Fylkesmannen si stadfesting av planen, vart området på nabobruket m.m. trekt ut av planen og arealbruken var føresett avklara i samband med overordna plan. Fylkesmannen har no også i samband med forvarslinga varsla motsegn dersom planframlegget vert handsama før

arealbruken er avklara i det pågåande arbeidet med kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda. Det seier plansjef Gunnar Wangen som har utarbeidd saka.

Han gjer det klart at dette arbeidet har kome langt, og Wangen finn det relativt sannsynleg at området vil verte lagt ut til framtidig byggeføremål.

Avklaring

Den andre problemstillinga handlar om manglande avklaring av vegsystem – og mellombels bruk av Guttormsbakkane som tilkomst.

– Planomtalen skildrar kort nokre alternativ for framtidige vegløysingar og har for så vidt tilpassa utforminga til dette. Det vil likevel ikkje verte gitt juridisk bindande føringar for nokon av alternativa, då dei ligg utanfor planområdet og ikkje er i samsvar med nokon gjeldande overordna plan, seier Wangen.

Det seier det mest konkrete problemet likevel er at slike vegløysingar mest truleg vil liggje langt fram i tid, og Guttormsbakkane vil såleis kunne måtte nyttast som mellombels tilkomst over lang tid.

– Stigningstilhøva vil liggje på om lag 150 – 170‰, noko som er langt brattare enn det som kan tilrådast for ein slik tilkomst. Til samanlikning er dette om lag 50 prosent brattare enn Garvargata, og nesten like bratt som Osgeila, og vil ikkje vere forsvarleg som tilkomst til 22 bueiningar

verken mellombels eller permanent, meiner plansjefen.

Den siste store innvendinga handlar om deltaking i kostnader for framtidig vegløysing.

– Planframlegget gjev inga løysing for korleis utbyggar eller dei som kjøper husvære i området skal kunne ta del i kostnader kring veg.