Det er Destinasjon Ålesund og Sunnmøre med alle sine medlemmer som står bak reiselivsdugnaden. På ein innhaldsrik todagarstur fekk spesielt inviterte gjester sjå hotell Union på Øye, hotell Ivar Aasen i Ørsta, Ulstein Hotell og Sagafjord Hotell. Rib-tur til Trandal, middag på Rekkedal gjestehus og helikoptertur over Hjørundfjorden stod også på programmet for gjestene.

Femti prosent auke

Målet med turen var å imponere dei så mykje at dei kjem tilbake til området når dei skal halde neste konferanse.

– Vi har eit litt hårete mål om å auke konferansebelegget med femti prosent dei neste tre åra. Ikkje berre i Ålesund, men også ute i distriktet, seier konferansesjef i DÅS, Cathrin Åkre.

For å nå det målet, er ein skikkeleg presentasjon av området avgjerande.

– Det er då positivt at reiselivsaktørane står saman, arbeider saman og snakkar om kvarandre og heilskapen ein kan oppleve her. Vi framstår profesjonelle utad når vi gjer det slik. Ein vinn på å arbeide saman i staden for mot kvarandre, seier Åkre.

Eksklusivt

Hjørundfjorden og området rundt, er eit område Åkre har stor tru på.

– Hjørundfjorden er noko av det vakraste ein har, i tillegg til unike hotell, puben på Trandal og Rekkedal gjestehus. Her kan ein vere litt eksklusive i forhold til andre fjordar. Ein har Geiranger like ved, men som samstundes er ulik. Med ein kort tur dit via Norangsdalen, som i seg sjølv er flott, kan ein få oppleve det beste Noreg har å by på.

– Og for større konferansar som ikkje får plass på hotella her, kan ein bringe gjester inn frå Ålesund på ein time og ha kveldsarrangement her. Så kjem dei kanskje hit i staden neste gong dei skal ha styremøte i bedriftene sine.