Tømmer har vorte viktig for Ørstaterminalen. I år reknar terminalsjef Oddmund Ose at det vert skipa ut 60.000 kubikk

– Tømmerverksemda utgjer eit viktig bidrag for terminaldrifta, fortel Ose.

Dagmar

Siste åra, ikkje minst etter Dagmar, har utskiping av tømmer vorte ein vesentleg del av drifta på Ørstaterminalen. Årsaka er at det no er større aktivitet i skogen, og fleire som driv aktivt skogsarbeid i distriktet.

– I haust skipar vi ut tømmer som kjem frå mellom anna Hellesylt, Hareid, Ulstein og Bjørkedalen, fortel Ose.

Vindfalltømmer vert gjort om til papir. Anna tømmer vert levert til Tyskland via Allskog.

Ifølgje Oddmund Ose vil tømmer vere ein viktig del av leveransane på Ørstaterminalen i mange år framover.

– Prognosane fortel om ein tilvekst på 30.000 kubikk i tretti år i vårt nedslagsfelt, seier han.

Vik Ørsta

Ose er nøgd med aktiviteten på terminalen som er ein del av selskapet Vik Ørsta. Såleis er det naturleg at ein stor del av aktiviteten er retta mot mottak, lagring og vidaresending av Vik Ørsta sine råvarer og ferdigvarer. Vik Ørsta er den største kunden på stykkgods.

– Terminalen på Rystelandet har vorte eit knutepunkt for transport og omlasting av varer til og frå regionen. Nor Lines har kring 25 faste anløp til terminalen kvar månad.

– Bulk, tømmer, gjødsel, større maskiner, anleggsutstyr og brakker er mellom det som vert skipa inn til terminalen. Det er populært å kjøpe landbruksutstyr frå Danmark og byggvarer frå Polen. Fleire og fleire handlar slikt frå desse landa då det er gunstig.

– Er det mange private som nyttar seg av terminalen?

Flyttelass

– Ja, ein del gjer det, ikkje minst folk som skal frakte flyttelass og som bur langs kysten. Mange studentar brukar oss, både fordi det er enkelt og rimeleg å frakte flyttelass med båt, fortel Ose.

Eigaren av terminalen, Vik Ørsta, nyttar halvparten av terminalen sitt lager for å lagre stålrør som kjem frå Finland