Rett før jul hadde Ørsta ungdomsskule kanonballturnering, og før påskeferien vart det fullført ei fotballturnering.
– Turneringane vert arrangert i matfriminuttet, og dette er til stor glede for elevane, seier gymlærar Einar Myrold.
I turneringane vert det først konkurrert i å vere beste klasse på trinnet, før vinnarane i åttande og niande klasse møtest. Vinnaren her får møte den beste tiandeklassa i finalen.
– I fotballturneringa no møttest 10A og 9C. Tiandeklassingane har fleire gode gutespelarar frå Ørsta, men undervurderte nok motstandaren og trudde at det skulle verte ein enkel kamp. Det vart det ikkje, seier Myrold.
9. klasse til topps
Niandeklassingane gjekk av med sigeren, og imponerte med god innsats.
– Spesielt Daniel, Preben og Leonard utmerkte seg med gode fotballferdigheiter, og eg trur det ser lyst ut framtida til fotballen i Ørsta, seier Myrold.
Målsetjinga med desse turneringane er at elevane skal aktiviserast i matfriminuttet, og det er krav om klassene stiller både med gutar og jenter på laga sine.
– Vi kallar dette trivselstiltak og positive klassemiljø. Turneringane vert noko som elevane ser fram til, og dei tykkjer at det er kjekt at skjer noko. Deltakinga er stor både på bana og blant publikum, og lærarane vert også delaktige i heiinga, seier Myrold.
Sandvolleyball
Om vêret betrar seg etter påske er planen at ein også skal få til ei sandvolleyballturnering.
– Vi har ei forholdsvis ny sandvolleyballbane ved skulen, og sidan vi har fleire gode volleyballspelarar blant elevane ynskjer vi å få til ei turnering, seier Myrold
I slike turneringar ligg det sjølvsagt mykje prestisje i og vere den beste klassa på trinnet, og den beste på skulen. For lærarane er også turneringane positive.
– Det er litt kjekt for lærarane også som vert involvert. Ein får oppleve elevane i ulike situasjonar, og lærarane heiar og viser interesse for det som skjer utanom det skulefaglege, seier Myrold.
Elevane vert også involvert i arrangeringa av turneringa.
– Det er fint å få elevane involverte, og i samråd med meg har tiandeklassingane vore dommarar for åttande og niande klasse. Dei har tatt oppgåve på alvor, og det har vore rettferdig dømming, seier Myrold.