Ein fersk prognose viser at innbyggjarane i Ørsta og Volda vil julehandle for hele 189 millionar kroner i år. Spesielt sportsbransjen vil oppleve oppsving i årets julehandel, trur Hovedorganisasjonen Virke.

Julehandelen er godt i gang, og han aukar i styrke fram mot sjølve dagen. Organisasjonen Virke, tidlegare HSH (Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon), tippar at det vil bli handla for om lag 48,8 milliardar kroner i detaljhandelen i desember.

Litt mindre auke

At julehandelen aukar frå år til år er ikkje unormalt. Virke spår ein auke i julehandelen på snautt tre prosent frå i fjor.

– Ein vekst på tre prosent er ein svakare auke enn tidlegare. Den årlege auken har hatt eit gjennomsnitt på fire prosent dei siste ti åra, seier administrerande direktør i Virke, Vibeke Madsen.

Julehandel i Ørsta

Ein har rekna seg fram til at kvar nordmann kjem til å handle for 9.920 kroner i løpet av årets siste månad. Om vi trur at dette er nokolunde likt over det ganske land, så kjem vi til at innbyggjarane i Ørsta kjem til å julehandle for 103 millionar kroner i løpet av desember.

I Volda kommune vil innbyggjarane leggje igjen 86 millionar kroner i detaljhandelen ved årets jul.

Handleprognosane fortel ingenting om kvar pengane blir lagde igjen. Det blir sjølvsagt rekna at storbykommunar vil sitje igjen med mykje høgare tal når det gjeld omsetning per innbyggjar.

Sportsleg suksess

Tidene endrar seg, og ulike bransjar opplever auke og nedgang i forhold til kor mykje produkta er ”i vinden”. Virke reknar for eksempel med at sport og fritid er i dytten som aldri før.

– Den enkeltbransjen som har hatt størst vekst er nok sportsbransjen. Bransjen har vakse kraftig dei siste åra, og dette gjer seg også utslag i julehandelen, seier Madsen.

CD er ut

–  Er det bransjar som har opplevt mindre auke eller tilbakegang dei seinare åra i samband med julehandelen?

– Sal av bøker og CD kan ha opplevt ein nedgang. Dette skuldast i stor grad at tradisjonelle bokhandlarar og platebutikkar har blitt utfordra av at andre aktørar også sel desse varene. I dag er det jo ikkje uvanleg å sjå at kjøpesenter sel denne typen produkt. CD-salet har jo også fått stor konkurranse frå mp3-filer og streaming-tenester på internett, minner Madsen om.

Mat og drikke

Over 40 prosent av pengane nordmenn bruker i samanheng med jul går til mat, drikke og andre daglegvarer. I daglegvarebutikkane aukar omsetning med 20 prosent i desember og vi kjøper nesten dobbelt så mykje vin og sprit som elles i året.

– For butikkane som sel klede, bøker, pynt til heimen, smykke, leikar, sportsutstyr og elektroniske artiklar er jula også viktig. Mange bransjar har i desember ei omsetning som er 2,5 til 3,5 gangar høgare enn elles i året, fortel Madsen.

Uro i marknaden

Det har vore uro i finansmarknaden over store delar av Europa denne hausten. Dette kan nok ha litt å seie for at auken ikkje blir så stor som vanleg i år. Men Madsen har inga tru på at det blir ei jul på sparebluss, verken i Ørsta, Volda eller resten av landet.

– Vi trur nordmenn kjem til å feire tradisjonell jul til trass for uvissa i Europa. Sjølv om vi har sett ein forsiktig forbruk så langt i år strekkjer vi oss litt lenger når det kjem til jul. Mange har vore flinke til å leggje pengar til side, og det betyr at dei har meir å rutte med når det kjem til å bruke pengar på mat, vin og gåver, seier Madsen.

Gåvepakker

– Kan du nemne tre konkrete produkt som fort kan bli ein «slager» under juletreet i Ørsta eller Volda i år?

– Vel, det har vi svært tynt talgrunnlag for å seie så mykje om. Men eg kan sjølvsagt gjette og synse litt. Ipad2 er i alle fall spådd å bli ein julevinnar denne gongen. Også iPhone 4S blir heilt sikkert ei populær gåve for dei som ønskjer seg denne typen smarttelefonar, seier Madsen.

– I tillegg kan vi gjette på at det vil liggje ein god del eksemplar av boka ”Min Kamp 6” av Ove Knausgård under juletreet.

– Til barna då?

– Det vi veit er at Lego alltid er ei svært populær gåve til barn. Det slår nok ikkje feil i år heller, smiler ho.

Veldedigheit

Jula er også svært viktig for dei ideelle organisasjonane som er organisert i Virke. Organisasjonar som for eksempel Frelsesarmeen, Blå kross og Unicef opplever auke i givargleda blant både privatpersonar og næringsliv.

– Dei frivillige organisasjonane har blitt flinkare til å tilby julegåver med meining. Vi ser at mange bedrifter ønskjer å kjøpe denne typen gåver til både kundar og tilsette. Det gleder meg, seier Madsen.

Julehandel i Møre og Romsdal

Dersom ein summerer opp julehandelen i alle kommunane i Møre og Romsdal, så kjem vi til at det blir brukt 2,54 milliardar kroner på julehandelen i Møre og Romsdal.

Årets forventa auke på tre prosent utgjer tre millionar kroner i Ørsta kommune, og om lag 2,5 millionar kroner i Volda kommune.