Berre Fjord-Noreg og Nord-Noreg peikte seg ut positivt når det gjeld tilstrøyming av turistar i fjor. Men for Vestlandet er det eit stort gap mellom sommar og vinter. Det blir det no teke grep for å retta på.

Etter fleire år med stadig nye rekordar, kunne reiselivsdirektør Bente Bratland Holm torsdag fortelja at alt tyder på at turiststraumen i fjor flata ut og at det ligg an til ein nullvekst i talet på kommersielle gjestedøgn samanlikna med 2016.

Den største utfordringa for reiselivet er likevel at turisttrafikken er så ulik fordelt – både geografisk og når på året det er mest attraktivt å besøkja Noreg. Over halvparten av dei kommersielle gjestedøgna i fjor var om sommaren.

– Medan norsk reiseliv i 2016 hadde ein auke i kommersielle gjestedøgn kvar einaste månad, var det i fjor ein nedgang heile året bortsett frå sommarsesongen, sa seniorrådgjevar Margrethe Helgebostad i Innovasjon Noreg då ho torsdag la fram tala for reiselivsåret 2017.

Vekst i vest og nord

Unnataket er Fjord-Noreg og Nord-Noreg som begge hadde fleire kommersielle gjestedøgn i fjor enn året før. Nord-Noreg kan gle seg over vekst både sommar og vinter, medan det for Fjord-Noreg er eit stort gap mellom tilstrøyminga av turistar sommars- og vinterstid.

For sommarsesongen kan Fjord-Noreg sjå tilbake på over 6 prosent vekst i talet på kommersielle gjestedøgn, medan vintersesongen enda med ein nedgang på heile 11 prosent.

Handlingsplan mot masseturisme

For reiselivsnæringa er det også ei utfordring at turistane gjerne vil oppsøkja dei same stadane. Fleire har åtvara mot at presset somme stader kan bli for stort. Reiselivsdirektøren seier dei saman med næringa no prøver å ta grep for å hindra dette

– Vi ønskjer masse turistar, men vi ønskjer ikkje masseturisme, slår ho fast.

Ho fortel at Innovasjon Noreg mellom anna har laga ein handlingsplan for å få fleire turistar heile året og motverka at turistane klumpar seg saman på nokre få plassar i landet nokre få månader i året.

– Noreg er langt frå fullt, med unnatak av nokre få stader nokre veker i året. Vi treng fleire besøkjande gjennom heile året, seier Bratland Holm.

– Treng eit breiare bilete av Noreg

For å få til det meiner ho reiselivsnæringa må bli flinkare til å visa fram andre plassar og opplevingar enn det å stå på ein kjend fjelltopp å ta ein selfie.

– Viss det er ein ting folk veit om Noreg, så er det at det er vakkert her, men viss vi berre har eit einsidig søkjelys på natur, når vi ikkje dei som er interessert i kultur, mat og andre opplevingar.

Reiselivsdirektøren seier at Innovasjon Noreg no legg om måten dei marknadsfører Noreg på. Målet er å gje eit breiare bilete av Noreg og få fleire turistar til å ta Noreg i bruk heile året.

– Vi treng ikkje flest mogleg, men vi treng dei rette for å kunna balansera turisttrafikken i langt større grad, seier Bente Bratland Holm.