Og no må folk på Vartdalsstranda til Ørsta sentrum eller andre stader for å gå til lege. Det likar Gerd Romestrand dårleg.

– Det er skikkeleg dumt at vi misser legekontoret vårt på Nordre Vartdal. Det er ei veldig dårleg løysing at eg no må til legesenteret i Ørsta for å gå til lege. For no vert alt så mykje meir tungvint, seier 89-åringen frå Barstadvik.

Ho peikar på at det ikkje finst drosjer på Vartdalsstranda.

– Såleis må eg bestille drosje frå Ørsta når eg skal til lege. Det kan ta tid, og så vert det ei dyr ordning, fryktar Gerd.

Ho har vore svært nøgd med tilbodet på legekontoret som har halde hus på Vartdal Helsetun.

– Dette tilbodet har fungert veldig bra. Ja, det kan ikkje verte betre. Og vi har hatt ein flink og kjekk lege som eg trur trivst godt her. Endå meir lettvint var det å gå til lege den tida borna mine var små, for då hadde vi legekontor i Barstadvik, fortel Gerd.

Edvin Aarseth (88) målar ikkje den nye situasjonen for legetenesta så svart som Gerd Romestrand.

– Det normale

– Det er vel det som er normalt no for tida, at ein sentraliserer ting. Eg har vore nøgd med legetilbodet på helsetunet der eg har gått fast til lege ein eller to gonger i året for influensavaksine, fornying av sertifikatet i tillegg til diverse prøvetaking, fortel Edvin.

Han køyrer bil, og trur det skal verte greitt å legge turen til den splitter nye legesenteret på Vallamarka.

– Trist

Karen Vartdal Håvoll var den yngste pasienten Møre-Nytt møtte på legekontoret i helsetunet måndag føremiddag. Ho har forståing for at det for spesielt eldre personar på Vartdalsstranda kan verte meir tungvint å kome seg til lege.

avviklar: Denne veka inntek lege Åsmund Keilen legekontoret på Vallamarka, der han vil ta imot pasientar også frå Vartdalsstranda. Måndag var Karen Vartdal Håvoll ein av dei siste pasientane hans på Nordre Vartdal.

– Det er veldig trist at legekontoret vert avvikla, for tenesta har vore god og vi har raskt fått time her. Men eg har forståing for at det kan vere behov for legen her å vere ein del av eit kollegialt fellesskap. Eg vil klare å handtere den nye situasjonen, då er det verre for dei eldre, vurderer 27-åringen.

Legekontoret på Nordre Vartdal har hatt ope tre dagar i veka. Siste seks åra er det Åsmund Keilen som har vore folket på Vartdalsstranda sin fastlege. I morgon, onsdag, pakkar han ned på kontoret og flyttar inn på Vallamarka.

– Eg har likt meg godt på helsetunet, men eg har sakna kollegaer. No vert situasjonen annleis i det nye, supre legesenteret, konstaterer Keilen.

Sjølv om Vartdalsstranda no ikkje har legekontor, så held legetilsynet på helsetunet og for bufellesskapet fram, der det går mot to legedagar i veka.