Omtale av årsskriftet til Hovdebygda soge og velferdslag:

Kva skal vi bruke arealet til når Ørsta-Volda lufthamn vert nedlagd? Spørsmålet melder seg fordi Hovdebygda soge- og velferdslag sitt årsskrift byr på eit gjensyn med Indrehovdevatnet. Ingen under femti år hugsar akeleiene i dette vatnet. Eller leiken på skeiser om vinteren. Men Ivar Fagerhol sine fotografi viser for ein idyll Indrehovdevatnet var.

Flyplassen overflødig?

Vi kan trygt slå fast at Hafast aldri vert realisert. Berre ein populist i valkampmodus kan finne på å føre stamvegen over ei rådyr bru ut på ei omflødd øy – og i land att på ein like dyr konstruksjon. Men Fefast kan verte bygt. Og Voldatunnelen og Ørstafjordkryssinga.

Då vert garantert flyplassen nedlagd. Og kva gjer vi då? Sogelaget sitt årsskrift nr. 26 gjev eit godt utgangspunkt for debatten. Gunhild T. Moltubak leverte i 2013 ei oppgåve på Høgskulen i Volda om prosessane som førte fram til utfyllinga av Indrehovdevatnet og bygginga av flyplassen.

Ikkje i dag

Ein artikkel i årsskriftet byggjer på denne oppgåva. I artikkelen viser Moltubak også korleis vatnet og området rundt vart brukt før utbygginga.

Og ho viser kor fort det gjekk å endre bruken fullstendig. Frå tanken om flyplass vart kasta fram til lufthamna vart opna i 1971, tok det tre (!) år. Det gjekk så fort at bygdefolket og lokalpolitikarane knapt rakk å delta i debatten. I den grad det var nokon debatt. Han gjekk i så fall i hovudsak på plasseringa.

Det var tre alternativ: Morkaåsen, Krøvelseidet og altså Indrehovdevatnet. Luftfartsdirektoratet gjorde prøveflygingar og tilrådde sistnemnde alternativ. Dermed var saka i grunnen avgjord.

Men som Moltubak konkluderer: I dag ville flyplassen aldri vorte plassert der. – Omsynet til miljøet og busetjinga ville stått mykje sterkare.

Lønn er ugras

Apropos miljøet: Oddmund Hovden skriv i årsskriftet om endringane i den lokale skogen dei siste femti-seksti åra.

- Dei fyrste to-tre åra etter skoghogst veks det ofte opp villbringebær, så overtek lønnen. Eg har målt årsvekst opptil to meter. Det er ingen tvil om at lønn er og blir det nye ugraset i skogen, konstaterer Hovden.

Han viser til at lønnen har så negativ effekt på det biologiske mangfaldet at tresorten no er svartelista som uynskt plante. Andre treslag får meir positiv omtale i ein artikkel som viser både den generelle utviklinga i skogen og går heilt inn på tunet til folk og fortel om tuntreet.

Digernes

Sogelaget sitt årsskrift har fått namnet ”Hovdebygda – gav oss ein arv til å gøyma”. Roar Rønning er redaktør, og Kjell Rune Klubbenes har skapt bokbunaden. Boka inneheld fjorten signerte artiklar med emne som spenner frå innsyn i gamle fotoalbum til intervju med maskinsjef Torstein Hamar (86) og til lokal krokkethistorie.

Aller mest innrykk gjer likevel utdraga frå ”stilbøkene” til Marte Ivarda Digernes Steffens (1901-1992). Marte, som var syster til litteraten Ivar Digernes, fortel om oppveksten på Digernes, og dei episodiske attersyna er ein fryd å lese. Ikkje berre fordi Steffens fortel livfullt om folk og fe i heimbygda. Men fordi språket hennar, den klangfulle nynorsken med rettskriving frå tidleg i førre hundreåret, kler innhaldet så godt og lyfter teksten til gripande litteratur.

Skjalg