Norrøna Pub i Ørsta melder at dei stengjer og takkar for seg.

På Facebook vart det fredag føremiddag lagt ut ei melding om at det er med tungt hjarte dei no stengjer døra og takkar for seg.

«Takk for alle dei gode minne og den lærerike tida, alle kundar og alle tilsette som har vore med på og gjort dette til den gode staden det var»,

står det i meldinga som er skriven av innehavar Berit Larsen.

Norrøna Pub i Vikegata i Ørsta sentrum har vore ein populær samlingsstad i mange år.

Etter at den brune puben no stengjer for godt er det ikkje att mange utestader i Ørsta.