Det er no fleirtal for å ta nybygg til Ørsta vgs. inn i planane til fylkeskommunen. Likevel er finansieringa langt frå sikra.
<strong>Fleirtal:</strong> Eit nybygg ved Ørsta vidaregåande skule har no eit fleirtal i fylkestinget i ryggen. Men det er framleis langt igjen før prosjektet er finansiert og endeleg vedteke. Det er også uklart kva tid bygget kjem på plass, men planlegginga skal etter planen starte i 2018.