– Jamnleg gjennom året får politiet inn meldingar om framande som ringer på døra, rundt om på Sunnmøre. Politiet ber folk vere påpasselege overfor desse og hald ytterdørene låste, skriv Sunnmøre politidistrikt i ei pressemelding.

År om anna er det kjent at framande ringer på, og om ingen opnar og ytterdøra er ulåst kan desse ha teke seg inn for ein kik på innsida av huset. Politiet over heile landet får gjennom året melding om tiggarar eller framande som ringjer på dørklokka heime hjå folk. Nokre ber om pengar, nokre sel trefigurar og nokre har oppgitt at dei er stumme eller har born med leukemi.

Særleg eldre kjenner seg utrygge

– Det er ikkje noko påfallande volum på denne aktiviteten, men vi vil gi informasjon om korleis ein kan ta grep om ein brått står i ein situasjon der dette er aktuelt.

Enkelte kan vere frekkare enn andre og vi veit at det er dei som synes at dette er vanskeleg å handtere og at særleg eldre folk kjenner seg utrygge. Då kan det vere greitt at politiet får vite om dette.

– Politiet sitt råd er at du ikkje skal sleppe framande inn i huset, utan omsyn til kor mykje dei må på do eller treng eit glas med vatn. Folk bør også vere varsame og ikkje la seg presse til å gi eller kjøpe.

Ikkje forbode

Det å ringe på, eller det å tigge på døra er i utgangspunktet ikkje forbode, så folk må vurdere sjølve.

– Vert folk mistenksame og tenkjer at dette kan vere noko meir, kan politiet kontaktast på telefon 02800.  Ser du ein bil i oppkjørselen samstundes med at du har framande på døra, kan du gjerne notere deg registreringsnummer. Du kan vurdere å ta et bilete av bilen dersom situasjonen tillet dette. Å ta bilete av dei som ringer på kan verke unødig provoserande, så det vert fråråda, opplyser politiet.

Når politiet kjem over tiggarar som oppfører seg aggressivt, får dei klare pålegg om å halde seg borte frå stadane dei held seg på.

– Om du ringjer 02800 rykkjer vi ikkje ut kvar gong, men miljøet vert kartlagt og politiet noterer seg kven og kvar desse er. Politiet vil derfor ha slike meldingar om du får framande på døra som stemmer opp mot det vi har informert om her.