Også dette er ein lekk i sentrumsdugnaden som starta første veka i mai, og som no utviklar seg frå veke til veke.

Det er Sparebank 1 Søre Sunnmøre som eig Karljolen-bygget. Dei tek på seg kostnader med å reparere tak og å oppgradere bygget innvendig.– Vi set stor pris på banken sin sjenerøsitet. Vi skal få bruke Karjolen-huset som kontor for arbeidet vårt, og vi ser fram til å etablere oss i bygget, seier Håvard Stennes i foreininga Ørsta Sentrum.

Han fortel elles at planlegginga av opprustinga av Kunsthuset er i gang for fullt etter at kommunen vil ta kostnadene for dette.