Ørsta er mellom dei kommunane som har den største nedgangen i legemeldt sjukefråvær. Likevel er sjukefråværet i kommunen over gjennomsnittet i fylket.

Det viser eit oversyn utarbeidd av Nav i Møre og Romsdal. Oversynet fortel at sjukefråveret per fyrste kvartal i år var på 6,4 prosent.

Dette er sjukefråværet for heile næringslivet i kommunen, både offentleg og privat. På eitt år har sjukefråværet i Ørsta vorte redusert frå 7,1 til 6,4 prosent.

Sjukefråværet i Ørsta er no nesten nede på Volda sitt nivå. I Volda var sjukefråværet på 6,3 prosent per fyrste kvartal i år. I dei siste åra har sjukefråværet i Volda vore vesentleg lågare enn i Ørsta, og til dømes i 2010 eitt prosentpoeng under Ørsta.

I Møre og Romsdal var det per 1. kvartal eit sjukefråvær på 5,7 prosent. Det er ein reduksjon frå 6,3 prosent sidan same tidspunkt i fjor. Landsgjennomsnittet er 5,7 prosent.