Den nye slippen i småbåthamna i Ørsta er ferdigstøypt. No står det berre att nokre få dagar med herding før han kan takast i bruk.
Det var onsdag medlemmene i Ørsta småbåtlag og entreprenørar vart ferdige med støypinga. Då hadde dei lagt bak seg ein heil del timar med dugnadsinnsats.
18 kbm
18 kubikkmeter med sement vart brukt under støypinga.
Den eksisterande slippen har vore i dårleg forfatning, og det var viktig å få ferdig ein renovert slipp til båtsesongen startar for alvor, og folk skal ha ut båtane sine.
Det var ein glad dugnadsgjeng som onsdag vart ferdige med arbeidet. Men dei var samde om at veret kunne ha vore betre under deler av arbeidet.