Det seier formannskapsmedlem Petter Bjørdal (Ap). Han registrerer at Tussa-styret ikkje vil gje eigarkommunane utbyte i år, og at Ørsta kommune dermed taper atten millionar budsjetterte kroner.

Det kjem på toppen av ein ubalanse som allereie har kravd at kommunen har sett i verk tøffe omstillingstiltak. Dei omstillingane er Bjørdal og Ap i og for seg ikkje i mot.

Ansvar

– I Ørsta Ap har vi som filosofi at vi skal ta ansvar, også om det gjeld naudsynte omstillingar. Likevel, med den meldinga som no kjem frå Tussa-styret, er det klart at vi ikkje kan greie alt berre på omstilling, seier Bjørdal.

– Vi kan ende opp med ein ungdomsskule og ein sjukeheim, men likevel vil der ikkje vere midlar til vidare satsing. Tida for eigedomsskatt er komen, seier Bjørdal.

Han peikar på folketalsutviklinga i Ørsta. Det totale innbyggjartalet i Ørsta har auka siste åra.

– Men viss ein ser på aldersgruppa frå atten til 34 år, vil ein sjå ein dramatisk nedgang sidan 2000, og framskrivingane for 2020 er heller ikkje gode. Det fortel i alle fall meg at det må satsast på tomteutvikling og bustadbygging. Vi er nøydde til å få nye og unge innbyggjarar til kommunen som kan sikre tilgang til arbeidskraft osb, seier Bjørdal.

Prosjekt på vent

Han registrerer at det i kommunen er gjort investeringar, men ser også at fleire prosjekt er på vent.

– Det gjeld vidare satsing på skulebygg, det gjeld fleirbrukshallen, nytt legesenter og tomteutvikling. Vi har dei siste vekene opplevd massive krav om at kommunen skal engasjere seg å få realisert bustadfelt på bygdene, til dømes i Liadal. Slike felt kan ikkje verte realisert utan kommunal medverknad, og skal vi kunne medverke, må vi ha frie midlar, seier Bjørdal.

Han meiner kommunen må kome på offensiven, sjølv om situasjonen er vanskeleg.

Bjørdal er sjølv på veg inn i Tussa-styret. Han er nominert frå Ørsta kommune til valkomiteen i Tussa. Og det er generalforsamlinga som eventuelt skal velje han inn i styret. Difor vil han vere varsam med å meine for mykje om Tussa no.

Tussa-aksjar

– Likevel meiner eg at eg kan seie at vi ikkje må gje oss sjølve falske voner. Det vert vist til at verdien er to milliardar kroner. Det er rett, men viss vi skal sjå på kva den reelle verdien er, må vi trekkje frå gjelda. Mellom anna har Tussa mykje gjeld fordi eigarkommunane påla selskapet å nytte eigne midlar for å løyse ut Tafjord Kraft AS og Ålesund kommune som aksjonærar. Difor må vi ikkje overdrive verdien av aksjane i kommunen. Kan hende snakkar vi om ein reell verdi på tjuefem prosent av den oppgjevne, altså ein halv milliard kroner. Då er Ørsta sin del om lag 150 millionar kroner. Då snakkar vi om det vi fekk for Ørsta energiverk, og det er pengar som no er oppbrukte, seier Bjørdal.

Politisk val

Ordførar Rune Hovde (H) sa i Møre-Nytt tysdag at det må vere eit mål for Ørsta kommune at utbytet for Tussa ikkje vert ein del av dei ordinære driftsmidlane. Bjørdal har registrert dette.

– Det er eit politisk val kva vi skal nytte utbytet til. Ørsta kommunestyre har valt å bruke dei i drifta, nettopp for å sleppe dramatiske omstillingar, seier Bjørdal.

Han viser til at atten millionar kroner er mykje pengar for kommunen. Omrekna i sjukeheimsplassar, meiner Bjørdal at det er snakk om tjuefire. Det er mest ein institusjon.

Underskot

– Og det er klart at vi har utfordringar. Vi er i år nøydde til å dekkje inn underskotet frå 2008 med 8 millionar kroner. Det er krav vi har på oss. Vi hadde ikkje underskot o 2009 og 2010, men dei førebelse tala syner at vi hadde eit underskot på åtte millionar i 2011. Det underskotet må dekkjast inn i løpet av dei to komande åra. Legg vi til at drifta er høgare enn inntektene, at samhandlingsreforma førebels har ført til at vi har drive ekstra sjukeheimsplassar vi ikkje har budsjettert med og at vi no misser Tussa-utbytet, er det klart at det krev tøffe handlingar, Eg vil ikkje nekte for at det er mogleg å ta alt dette med omstillingar og strukturendringar. Men då trur eg samstundes at vi misser all investeringskraft, seier Bjørdal.

Han vedgår at dersom kommunestyret vedtek å innføre eigedomsskatt, vil det vere vanskeleg å inntektsføre det i år.

– Ikkje melde seg ut

– Samstundes vil eg vise til Vestnes kommune, som vedtok eigedomsskatt på budsjettmøtet i desember i fjor, og som har takseringssystemet klart i desse dagar, seier Bjørdal.

Bjørdal ynskjer å understreke at han ikkje vil distansere seg frå dei kuttvedtaka som allereie er gjorde i år, og den omstillingsprosessen som er i gang.

– Vi var med på nokre vedtak, og andre ikkje. Men det er ikkje slik at dei som er i mindretalet kan melde seg ut. Ein må vere med i den vidare politiske prosessen, og påverke så godt ein kan. Slik tenkjer i alle fall eg, seier Bjørdal.