Ørsta Frp meiner at heile kommunen bør vera under ei krinsgrense. I forslaget vert sentrum og Hovdebygda samla til ein krins. Om alle krinsane blir samla, vil det gjere det mogleg for fritt skuleval innan heile kommunen.

– Då kan ein velje skule uavhengig av geografisk tilhøyregheit i kommunen, seier Myklebust.

Han legg også til at skulane på Vartdal, Sæbø og på dalane bør styrkjast, framfor å svekkjast.

– Ein må legge til rette for levande bygder som kan utviklast, seier Myklebust.

Vartdal og Sæbø skule

Myklebust og FrP vil at elevane skal ha ein så kort skuleveg som mogleg, og finn det ikkje naturleg at elevane skal vere nøydd til å nytte fritida si til reising til og frå skule, om dei ikkje sjølv ynskjer det. På bakgrunn av dette meiner han at ungdomsskulane på Sæbø, i Ørsta og på Vartdal skal halde fram som i dag, og vidareutviklast. Myklebust fortel at Framstegspartiet ynskjer vekst i heile kommunen, inkludert utkantane.

– Dei økonomiske vinningane av ei eventuell nedlegging av ungdomsskulen på Vartdal kan i høgaste grad diskuterast. Fjernar ein eit tilbod ein stad, må ein investere i ein annan. Vi set ikkje vår lit til dei utrekningane som er gjort, då tidlegare utrekningar ikkje nødvendigvis har halde seg oppe, seier Myklebust.

Felles skule for Dalane

Ørsta Framstegsparti vil også ha ein ny felles skule for Dalane lokalisert i Legene-området. Myklebust peikar på at tomteutbygginga naturleg vil kome i den retninga, og at Legene vil vera ei god geografisk plassering for ein felles skule for Åmdalen og Follestaddalen.

– På sikt kan det kan verte eit felles område med barnehage, idrettsanlegg og skule. Det at desse vert samla kan vera ein styrke for både Åmdalen og Follestaddalen, seier han. Om Brautaset skule seier han at ein må tore å satse på bygdene, også innan det bygningstekniske.

– Moderne skular er viktig, og i tillegg er den geografiske plasseringa årsaka til at valet fall på Legene for ein felles skule, framfor på Brautaset. Det gjev kort skuleveg for innbyggjarane både i Åmdalen og Follestaddalen, seier han.