Rekruttering av lærarar har dei siste åra vorte eit aukande problem. Seksjonsleiar Einar Muren i Ørsta kommune seier at rekrutteringa til grunnskulane i Ørsta går greitt samanlikna med mange andre kommunar, men at tilstanden ikkje er optimal. #

– Det er liten tvil om at det blir utdanna for få lærarar, og at det er eit problem som må takast tak i både regionalt og lokalt. I år opplevde vi derimot bra med søkjarar, seier Muren.

Grunnane til at det minkar med nyutdanna lærarar er komplekst. Han nemner mellom anna at det tidlegare var dobbelt så stort opptak til lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda, samstundes som at yrket ikkje er så populært som det ein gong var.

– I dag er det alt for mange som vil stå på ei scene. Det seier seg sjølv at ikkje alle kan gå den vegen, fortel han.

Han nemner òg at eit negativt fokus både sentralt og lokalt kan ha medverka til nedgangen i opptaket til læraryrket. Det har vore eit spørsmål om skulen skal vera ein stad å vere, eller ein stad for å lære. Ved innføringa av kunnskapsløftet vart det teke eit steg i rett retning om at skulen skal vera ein stad for å lære. Han nemner Finland som eit godt eksempel på god lærarrekruttering og utdanning.

– Der har læraryrket høg status, stor søkjarmasse som igjen gjev eigna lærarar med gode resultat. I alle tilsetjingsprosessar ønskjer ein å kunne velja dei beste søkjarane. Kort sagt kunne me ønskja fleire søkjarar – men i år i forhold til andre år har søkinga vore god, og me er nøgd med rekrutteringa som har funne stad, seier han.

God rekruttering i Volda

Kai Raaberg, rektor ved Volda ungdomsskule kan òg rapportere om god rekruttering denne våren. Som sentrumsskule i umiddelbar nærleik til Høgskulen, meiner Raaberg at dei kan ha ein fordel, då fleire studentar kjem innom skulen gjennom utdanninga. Likevel er dei ikkje upåverka av den låge rekrutteringa av lærarstudentar.

– Vi kunne godt tenkt oss større utval, og det er særskilt trongt med språklærarar og spesialpedagogar. Vi får det til, men det er eit sårbart område, fortel han.

Han legg også til at ved Ungdomsskulen i Volda er snittalderen på lærarane 41,5 år, og han vil tilbakevise myten om ei forgubbing innan lærarar i skulane.

– Slik stoda er hjå oss no, har vi ein relativt ung stab av lærarar, og eg trur ikkje vi vil slite ved eit generasjonsskifte. Rekrutteringa er eit aukande problem, men per dags dato er vi godt rusta, fortel Raaberg.

Rektor Kristi Driveklepp ved Vikemarka barneskule har merka ei drastisk endring i tilgangen på pedagogar dei siste fem åra.

– Fyrste åra som inspektør ved Vikemarka hadde eg ei rekkje med vikarar som kunne tilkallast ved behov. Slik det er i dag har vi ein eller to vikarar om me er heldige, fortel ho. Om det ikkje blir teke grep på høgare hald, fryktar ho for framtida om mangelen på pedagogar held fram slik det har gjort siste åra.

Det er ein myte at vi har eit aldrande lærarkorps, seier rektor Kai Raaberg.
Det har vorte færre vikarar med pegagogisk utdanning å velje mellom, registrerer rektor Kirsti Driveklepp ved Vikemarka skule. (Arkivfoto)