Proman Bygg AS melder oppbod. Oppbodet vart meldt sist fredag, etter eit styrevedtak den 18. mai.
I ei pressemelding heiter det at styret og leiinga i lenger tid har arbeidd med å få på plass løysingar som skulle sikre vidare drift.
– Vi fekk sist fredag konstatert tap i ei større sak, og dermed hadde ikkje styret noko anna val enn å melde oppbod, fortel styremedlem John-Arne Lillebø.
Det vil framover verte arbeidd med å finne løysingar for råka kundar. I selskapet er det i alt åtte årsverk som vert råka av oppbodet.
Det vert presisert at det berre er Proman Bygg AS som melder oppbod. Systerselskapet Proman AS, som driv Interiørsenteret i Furene, vil halde fram som før.