I 18-tida onsdag fekk politiet melding frå tre unge menn som var på skitur på Saudehornet. På veg ned att til Ørsta sentrum hadde dei løyst ut eit mindre snøskred. Ingen av dei tre vart skadd. Dei ringde straks til politiet og fortalte om kva som hadde skjedd og at ingen andre var i nærleiken då det skjedde.

Politiet rosar dei tre for å ha teke kontakt, og minner om at det er viktig å varsle når personar er involvert i ulykker og nestenulykker.