Stadig fleire søkjer seg inn på VG1 elektro i Ørsta. I haust utvidar dei frå to til tre klasser, og tek inn til saman 36 elevar. Til saman 52 personar søkte elektrofag som sitt førsteval komande skuleår, så interessa for faget er større enn kapasiteten til skulen.

Naudløysingar

Ørsta vg. skule lyste tidleg i vår ut to lærarstillingar til elektrolinja. Nokre kandidatar søkte, men i løpet av prosessen valde dei likevel å halde fram på sine noverande arbeidsplassar. Dermed manglar skulen to lærarar før skulestart.

– Ei stund var det fare for at vi ikkje kunne starte den tredje klassa, men no har vi fått det til slik at vi greier det om vi køyrer overtid på dei lærarane vi allereie har, og nyttar oss av lærarar frå andre avdelingar, seier avdelingsleiar Eldar Lund på industrifaga og teamleiar Per Gunnar Sætre på Ørsta vg. skule. I tillegg måtte skulen trekkje inn permisjonen til ein lærar som skulle ut og ta vidareutdanning.

Etterspurd arbeidskraft

Den store interessa for elektrofaget har såleis vorte ei aldri så lita utfordring. Årsaka til situasjonen er truleg stort behov for arbeidskraft i elektrobransjen.

– Alle elevane som søkte lærlingplass i år, fekk det. Somme fekk også tilbod frå fleire bedrifter. Det er veldig positivt, og syner behovet for elektroutdanna ungdom. Men det skaper også eit problem ved at det vert vanskeleg å få tak i elektrolærarar, seier Lund og Sætre.

– Mykje av årsaka har nok med løn å gjere. Ein del tenkjer trur det er lågare løn i skulen, difor vel ein å vere i det private. Men ser ein på heilskapen, er det ikkje så gale som folk trur. Fylket har no også opna for at vi kan strekkje oss utanfor retningslinjer og tabellar for å skaffe elektrolærarar, seier dei to, og legg til at Ørsta vg. skule også er ein god arbeidsplass.

– Det er eit godt miljø både bland tilsette og blant elevar, og det er eit interessant og krevjande arbeid. Det vert også lagt til rette for dei einskilde lærarane ved at vi diskuterer oss fram og fordelar arbeidsoppgåvene slik at alle får bruke det dei er best på.

Legg til rette for vidareutdanning

Dei to oppmodar no folk som kan tenkje seg å prøve læraryrket om å søkje på stillinga i løpet av sommaren.

– Det viktigaste er at ein har elektroutdanning og ein del praksis. For å få fast tilsetjing må ein ha minimum teknisk fagskule. Har ein fagbrev kan ein få fast tilsetjing med atterhald om at ein tek pedagogisk utdanning løpet av tre år, noko det vert lagt til rette for, seier dei.