Produksjonsforvaltar i Tussa, Kjell Idar Saure, seier forholda ligg mykje betre til rette for meir normale straumprisar i år enn i fjor.

Førre vinter var prega av straumprisar opp i mellom 70 og 80 øre kWh.

Komande vinter kjem mest sannsynleg til å setje langt mildare spor i folk sine lommebøker.

– Med fjorårsvinteren hadde vi to tørre vintrar etter kvarandre, med lite fylling i vassmagasina. I tillegg hadde svenskane store revisjonar på atomkraftverka sine, noko som førte til den dårlegaste kraftproduksjonen på 20 år. Vi vart nøydde til å importere større mengder med olje- og gasskraft for å halde kraftbalansen, og prisen vart svært høg. Denne vinteren ser vi derimot ingen problem i marknaden, seier Saure.

Verken veldig dyrt eller null

Hafslund varslar ein prisoppgang frå 33,80 øre kWh til 45,90 øre kWh på sin standard variable pris frå og med 17. november. Tussa krev 35,50 øre kWh for sitt samanliknbare produkt med namn Tidenkraft Aktiv.

Hafslund har fått negativ omtale mellom anna i VG, med grunnlag at det vert hevda at selskapet tek seg godt betalt i ei tid der kulda uteblir og vassmagasina er fulle.

Dette tykkjer Saure er ufortent kritikk.

– Alle kraftselskapa kjem til å setje opp prisen innan kort tid. Vi er på veg mot kaldare tider, og det seier seg sjølv at kraftkostnadene kjem til å auke i takt med forbruket. Det er tydeleg at pressa liker å setje ting på spissen, med å omtale prisane som «veldig dyre» eller «nær null».

Tappekontroll

Saure understrekar at vassmagasina ikkje er fulle, og at ein ikkje kan gamble med å køyre ut vatnet for å halde straumprisane nede gjennom vinteren.

– Ein kan ikkje vite om vinteren vert våt eller tørr, med mykje tilsig i magasina eller ikkje. I tillegg har svenskane hatt litt problem med Ringhalsverket sitt, noko som gjer at vi må vere ekstra varsame, seier Saure.

– Det vert altså ikkje kraftmangel i vinter?

– Nei, men det kan hende at ein får ei lita vårknipe dersom kulda ikkje slepp tak, og vasstanden i magasina vert låg langt utover våren. Elles skal det gå fint, seier Saure.