– Gamlevegen vert, i tillegg til å vere tilkomstveg til eigedomar i området, nytta som gjennomkøyring for ein del som skal til Øvre Volda. Dette skaper farlege situasjonar ved avkøyrsel/kødanning, noko som har skapt fleire ulykker/nestenulykker i krysset.

Ho seier at eventuell stenging av Gamlevegen for gjennomkøyring mellom Pleieheimskrysset og Fjordsyn er noko Volda kommune må ta tak i, men ho bed vegvesenet om å sette opp eit skilt som strakstiltak i den skarpe svingen før krysset, for å varsle om fare for kø, slik at bilistane er førebudde.