Ørsta kommunestyre har samrøystes sagt ja til å oreigne grunn frå fem eigedomar på Vartdal for å legge til rette for etablering av idrettsanlegg.

Totalt er det snakk om 28.727m2.

–Eg er overmoden for å gå inn for denne tilrådinga, sjølv om eg ser at produktivt areal er nødvendig å ha i Noreg, sa Stein Aam (Sp) frå talarstolen under møtet torsdag.

Han kunne fortelje at Vartdal-saka var ei av dei første sakene han var borti då han var ny i kommunestyret for over tretti år sidan, såleis meinte han at det var på høg tid at saka fann si løysing.

Støy

Reguleringsplanen for Vartdal idrettsanlegg vart godkjent i 2009. Idrettslaget sende då ut førespurnad til grunneigarane om frivillig avtale om kjøp av grunn, men dei var ikkje villige til å selje, mellom anna grunngjeve med at idrettsanlegget er plassert så nær heimane deira at det vil føre til store ulemper for dei.

Idrettslaget bad då kommunen om hjelp til å sikre grunn til nytt idrettsanlegg.

– Det kjem fram at mange grunneigarar her må ta ei belastning som dei slett ikkje ønskjer. Det er belastningar dei vert påført for å gi frivillig arbeid i bygda handlingsrom, sa Sigve Aklestad (KrF) til kommunestyret.

Han er redd saka vil føre til splid i bygda.

– Frivillig arbeid, som eit idrettsanlegg, er avhengig av velvilje for å fungere optimalt. Å vere med å oreigne til fordel for frivillig arbeid når det vil skape frontar slik som her, vert for meg gjort under sterkt tvil, sa han.

Særleg, understreka han, handla det om at grunneigarane ikkje først og fremst var redde for å tape areal, men at dei frykta støyen frå anlegget.

Samrøystes

Jostein O. Mo (Ap) kunne då informere om at anlegget har fått idrettsfunksjonell godkjenning, noko som også vil seie at støyproblematikken er vurdert.

Anlegget skal grense til skulen på Vartdal og dele garderobefunksjon med VD-hallen. Kommunestyret gjekk samrøystes inn for oreigning.

Dersom administrasjonen ved parallelle forhandlingar med handsaming av oreigningssaka, får semje om frivillig avtale frå grunneigarane, får ordføraren fullmakt til å godkjenne desse.

– Endeleg. Eg er svært glad for at vi endeleg har gjort vedtak, sa Johan B. Vartdal (FrP).