Ei kvinne i 40-åra, som har drive næringsverksemd i Volda, er i Oslo tingrett dømt for brot på bokføringsplikta.

I perioden januar 2012 til september 2013 unnlet kvinna, som var styreleiar og dagleg leiar i eit selskap, å sørgje for at det vart ført rekneskap for verksemda. Ved å ikkje føre rekneskap unnlet kvinna også å utarbeide årsrekneskap for 2012 og sende det inn innan fristen.

I retten tilstod kvinna punkta i tiltalen, og ho samtykka også i at saka vart avgjort ved tilståingsdom. Påtalemakta kom med forslag om at straffa burde settast til betinga fengsel i tretti dagar med ei prøvetid på to år. I tillegg til at kvinna fekk ei bot på 10.000 kroner, subsidiært fengsel i femten dagar. Grunngjevinga for dette var at kvinna ikkje førte rekneskap over eit langt tidsrom og at det normalt ville gitt vilkårslaus fengselsstraff. I denne saka hadde kvinna ikkje berika seg sjølv, og private innskot hadde vore høgare enn uttak. Retten påpeika også at forholda i saka ikkje kan reknast å vere blant dei meir alvorlege brota mot rekneskapslovgivinga.

Kvinna vart dømt til fengsel i 30 dagar på vilkår, med ei prøvetid på to år. I tillegg vart ho dømt til å betale ei bot på 10.000 kroner. Kvinna vedtok dommen.