Det seier ordførar Rune Hovde i Ørsta, etter at han har studert dei ferske tala for folketalsutviklinga frå Statistisk sentralbyrå.

Tala syner ein vekst på 80 personar i Ørsta og 82 personar i Volda.

– Det er også gledeleg, for det syner at Ørsta og Volda veks på eiga kraft. I regionen er det vekst i Ulstein, men elles stagnasjon på ytre, og veksten er også i Ålesund og randkommunane der. Det fortel meg at Ørsta og Volda har styrke nok i seg sjølve til å vere attraktive, seier Hovde.

Han poengterer at den politiske oppgåva i Ørsta er å syte for ein attraktiv kommune, og leggje forholda til rette for dei som vil bu her.

– Difor er det gledeleg med folketalsvekst sjølv om vi i dei to siste åra har hatt mest all fokus på økonomien. Det er likevel viktig for å skape eit grunnlag for at vi kan verte endå meir attraktive for framtida, seier Hovde.

– Vi har ein heilt klar ambisjon om å ha vekst i folketalet, seier Hovde.