Kommunestyret har eigentleg eigengodkjent planen. Det skjedde i 2019, etter mange års behandling, og mykje fam. og tilbake.

Men Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ville ikkje akseptere vedtaket.

– Ved gjennomgang av vedtaket, ser vi at punkt 3 ikkje gir gyldig ramme for utbygging i området. Etter ordlyden i punktet ønskjer kommunen å få til vassforsyning frå Koppelva med høgdebasseng frå austre del av feltet. Dette er ei løysing som ikkje er i samsvar med planen som no er vedteken, og er ei løysing som heller ikkje har vore på høyring, skreiv statsforvaltaren i 2019.

Han meiner at løysinga dessutan vil medføre eit større naturinngrep i ein lokalitet av naturtypen nordvende kystberg og blokkmark med verdi svært viktig, og er såleis i høgste grad konfliktfylt.

– Det er vedtatt plankart og føresegner som utgjer gyldig plan og som gir rammer for utbygging i området. Vi gjer difor merksam på at ei utbygging i tråd med punkt 3 i vedtaket, vil krevje enten reguleringsendring eller dispensasjon frå planen, heiter det.

No ynskjer formannskapet å få til ei avslutning på saka, og ber administrasjonen kome med ei sak.