Frå 2. januar aukar talet på avgangar mellom Ørsta/Volda og Bergen frå 14 til 26 avgangar i veka.

Det blir dobbeldekkarar på avgangane. Desse kom inn i ruta allereie i november, og har vorte teke godt i mot, skriv VyBuss i ei pressemelding.

– Bergensruta har vorte populær. Særleg etter at vi sette inn dobbeltdekkarar i november har trafikktala auka. Difor satsar vi no på ei dobling av frekvensen, seier transportsjef Kim André Støen Eide i Vy Buss til Møre-Nytt.

Selskapet bur seg på hard konkurranse.

– Vi konkurrerer både mot privatbilen og fly. Vi meiner vi har eit godt og rimelegare tilbod enn desse konkurrentane, seier Støen Eide.

Avgangane frå Ørsta er kl. 08.50 og 12.50 kvar dag, med unnatak av søndagane. Då er det berre avgang kl. 12.50. Frå Bergen går bussane kl. 08.00 og kl. 17.00.

– Reisetida sørover er sju timar og 32 minutt. Dersom folk tek morgonavgangen frå Ørsta, er dei framme i Bergen kl. 16.30, og har mykje igjen av dagen, seier Støen Eide.