Ved inngangen til vinterferien varslar NVE betydeleg skredfare i store delar av Sør-Noreg både fredag og laurdag. I denne perioden aukar faren for at det kan gå store skred som losnar av seg sjølv.

– Dei neste dagane vil skredfaren endre seg raskt frå dag til dag og gjennom heile døgnet på grunn av lågtrykksaktivitet. Det er derfor viktig å sjekke dagens skredvarsel på varsom.no og planleggje turane deretter, seier snøskredvarslar Jostein Aasen.

Laurdag vil skredfaren minke litt på Vestlandet når lågtrykket bevegar seg vidare, men det er framleis fare for at skred kan løyse av seg sjølv i delar av Nord-Vestlandet.

(©NPK)