På årsmøtet til Lokalgruppa for intensivsjukepleiarar i Møre og Romsdal (NSFLIS) var sak om akuttfunksjonar i sjukehus diskutert, og ein resolusjon med støtte til å behalde akuttkirurgien ved lokalsjukehusa vart samrøystes vedteken.

– NSFLIS Møre og Romsdal meiner at eit lokalsjukehus treng kombinasjonen av indremedisin, kirurgi og anestesi for å sikre god fagleg kvalitet på diagnostikk og behandling av akuttpasientar i sjukehus. Akuttfunksjon føreset døgnkontinuerleg beredskap innan indremedisin, kirurgi og anestesi med tilgang til radiologi og laboratorietenester. Det må vere system på å vidareutvikle og halde oppe gode fagmiljø. Velfungerande lokalsjukehus er naudsynte i den lokale behandlingskjeda. Reisetid, geografi og vertilhøve er tungtvegande faktorar som krev lokalsjukehus med full akuttberedskap, heiter det i vedtaket.

– NSFLIS Møre og Romsdal meiner at å legge ned akuttkirurgien ved Volda sjukehus vil føre til vesentleg svekking av helsetenestetilbodet og akuttberedskapen for befolkninga på Søre Sunnmøre og Nordfjord.